|
Tidenes Tempo-treff
Publisert 20. august 2001 09:48
Som 17-åring kjøpte Terje Flåt ein Tempolett Swing. 24 år seinare
ligg enno delane heime, sandblåste. Med tida skal dei bli sykkel igjen.
 |
Terje Flåt med sin gamle Tempo
Foto: Turid Furdal |
Turid Furdal
Det er eit langtidsprosjekt, konstaterer Flåt.
Fram til han får realisert draumen køyrer han ein nylegare innkjøpt Tempo,
av typen Standard. Ein motorsykkel som gjer 75 kilometer i timen på god veg.
FAR OG SON. Men det er ikkje fart det handlar om, ifølgje Tempo-entusiastane som deltok
på treff i Somaleiren i helga.
Det går på å ta vare på noko som me alle har eit forhold til. Noko
som er produsert her i Sandnes. Når me har utstillingar her i byen, kjem gjerne tidlegare Øglænd-tilsette
bort og peikar: Slike har eg lagd. Eller ein far fortel sonen at ein slik hadde han, seier Hans Ørstavik.
Øglænd produserte den første Tempoen i 1931. Glansperioden var på
1950-60-talet, men syklane vart laga heilt fram til 1994 her i Sandnes, fortel Ole-Petter Aareskjold.
REKORD. Det er 12. gongen det blir arrangert Tempo-treff i Sandnes, men første gongen
det skjer i Somaleiren.
Me har aldri vore så mange som i år: Rundt 70 deltakarar, seier Ørstavik.
I tillegg til mange lokale deltakarar, kom ein del frå Hordaland, Sørlandet og Austlandet.
Den som hadde lengst veg til treffet var imidlertid tyskaren Günther Vogt, med 1300 kilometers
reise. Han køyrte ein tysk «bror» av Tempoen: Hercules, som også har Sachs-motor.
FOR MYKJE? I løpet av helga er det blitt mykje Tempo-prat, kanskje av og til for mykje.
Men så er det jo 12 månader til me treffest igjen, seier Ørstavik.
Laurdagen var det elles utstilling av syklane på Bryne og turar i distriktet. Om kvelden
var det intern premiering av mopedar og motorsyklar, og dele-auksjon.
Dei som er med på treffet, er ungdom frå 16 til 70 år. Men snittet er nok
rundt 40 år, seier Flåt, Ørstavik og Aareskjold. Alt i neste veke startar dei planlegginga av
neste års treff.
|